
Digital Etikett AS – ny leverandør til FIAS
Digital Etikett spesialiserer seg på produksjon av dekorative etikettar på rull, førtrykt film til flowpack og ferdigfabrikkerte posar. Dei held til i Gaupne i Indre Sogn. Der satsar dei stort på å reindyrke idèen om ein automatisert og heildigital produksjon. På bakgrunn av dette kan dei tilby kundane kostnadseffektive og miljøvenlege løysingar, høg kvalitet og moglegheita til å nå marknaden på ein innovativ og eksklusiv måte.
Dei grunnleggjande verdiane i Digital Etikett er kundeservice, ståpå vilje og fleksibilitet. Dei er alltid tilgjengelege dersom ein har spørsmål, og har som mål å jobbe tett på kundane, store som små.
– Sidan me trykker digitalt har me ingen klisjé eller oppstartskostnader. Det einaste me treng for å starte produksjonen er ei trykkfil. Her kan me bidra med vegleiing dersom noko er uklart med tanke på produksjonsprosessen.
– Marknadens beste leveringstid, og mest fleksible løysingar.
– Det er totalopplaget som avgjer prisen, ikkje antal variantar/design. Dvs. at om ein bestiller 1000 etikettar av 10 forskjellige variantar/ design innanfor same format, vil prisen bli den same som om ein bestilte 10 000 etikettar av ein variant/design.
– Me opererer ikkje med minste bestillingsvolum. Hjå oss kan ein bestille akkurat det antalet ein treng.
– Dersom du vil endre på designet eller legge til fleire design vil det heller ikkje koste noko ekstra. Dermed kan ein enkelt trykke opp avgrensa opplag, variabel data eller sesongbaserte produkt.
– Vidare tilbyr me spesialeffekter som folie, preg og spotlakk. Her brukar me og ein digital teknikk som fjernar kravet om verktøykostnader. Me har i tillegg til dette stort fokus på bærekraft og miljø. Me er medlem i Grønt Punkt Norge, har teke plastløftet og er miljøfyrtårnsertifiserte. Alle våre papiretikettar er FSC godkjende og kjem frå bærekraftige skogar. Me har redusert tjukkelsen på alle plastetikettar, og me tilbyr berre resirkulerbart monomateriale til førtrykt film og posar. Dette materialet har ei høgbarriere som vil være med på å hindre matsvinn.
Ta gjerne kontakt for ein hyggeleg etikett- og emballasjeprat!
Kontaktperson:
Vegill Rebni Kjer
Tlf: 47848120
E-post: vegill@digitaletikett.no
Adresse: Gaupnegrandane 44, 6868 Gaupne

Andre aktuelle saker
Røde Kors Førstehjelp og FIAS har inngått et landsdekkende samarbeide
Røde Kors Førstehjelp AS og FIAS har inngått et bredt samarbeide på førstehjelpsutstyr og kurs innen faget på vegne av bedriftene i FIAS. Røde Kors vil da kunne levere førsthjelpsprodukter, hjertestartere og kurs innen førstehjelp i nesten hele landet. Dette vil styrke sikkerheten til alle fiskere og sjøfolk langs kysten samt all annen sjømatindustri på land og til havs.
Gjør deg klar til Seafood Expo Global og Seafood Processing i Barcelona med produktmedia
Det er ikke lenge til verdens største sjømatmesse i Barcelona. Gjør det klar med produktmedia som profilbekledning, merch, giveaways og strøartikler som synliggjør deg og din bedrift. Vår leverandør IDÉ House of Brands er en totalleverandør som hjelper dere med hele prosessen fra idémyldring til design, konsept, produksjon, og logistikk.
Hvem skal ta over etter deg?
I fiskerinæringen er det mange dyktige bedriftseiere som har skapt store verdier. De bruker mye tid på å utvikle bedriften, men mangler ofte en god plan for hvordan eierskapet og øvrige verdier skal overføres til neste generasjon. – En av de største årsakene til tap av verdier er dårlig planlegging og kommunikasjon i familien samt andre familiære forhold, sier administrerende direktør Øystein Bø i Formue.