fbpx

Ny samarbeidspartnar til FIAS

Vartdal Plastindustri er ledande på emballasjeprodukter til fiskerinæringen I Noreg. Transport av sjømat krev ei ubroten temperaturkjede under transporten også under lasting og lossing. Våre transportkasser i EPS har den beste isolasjonsevna på marknaden. Kombinasjonen av vårt nye emballasjesystem Superfresh og EPS-kassene våre er ei løysing som bevarer produktet fram til mottakaren og forlengjer produktet si haldbarheit etter transport.

Organisasjon/selskapet
Vartdal Plastindustri AS har hovudkontor på Vartdal i Ørsta kommune. Dei er i dag ein av marknadsleiarane i Noreg innanfor ferskfiskemballasje, teknisk emballasje og bygningsisolasjon, og har tre heileigde og tre deleigde fabrikkar langs norskekysten. Dei kjøpte i 2017 majoriteten i selskapet Nordic Isoelementer på Biri. Dette er produksjonseining, hovudlager og knytepunkt på austlandet innan forretningsområdet bygg.

Visjon
Kunden alltid først! – er deira visjon. Dei skal vere imøtekomande, fleksible og leveringsdyktige og deira kundar skal alltid sitje i høgsetet. Dette er ein visjon som ligg i ryggmargen på dei som jobbar her anten det er i administrasjon, lager, transport eller produksjon.

Eigarskap
Vartdal Plastindustri AS er eit familieeigd, norsk selskap som vart grunnlagd av Jan Vartdal i 1961. Bedrifta var den første i verda som produserte fiskeemballasje av ekspanderbar polystyren (EPS). Bedrifta har vidareført Jan Vartdal sine idear i nært samarbeid med kundane. Innovasjon og produktutvikling har heile tida stått sentralt. I dag er det tredje generasjon som driv bedrifta.

Økonomi
Gjennom å bygge stein på stein i ei årrekkje har Vartdal Plast bygd seg til eit selskap som står støtt og som har anledning til å satse på innovasjon og vidareutvikling av selskapet.

Fabrikkar
På Vartdal har dei den største fabrikken for formstøyping av EPS i Skandinavia. Isolasjon vert produsert både på Vartdal og på Ualand i Lund kommune. I 2017 kjøpte vi majoriteten i selskapet Nordic Isoelementer AS på Biri. Her produserer dei spesiallaga løysingar innanfor bygg og i tillegg lagerfører handelsvarer og andre Vartdalprodukt.

Ferskfiskemballasje vert produsert på Vartdal og på Hjelmeland. Dei har i tillegg tre deleigde fabrikkar langs norskekysten som produserer ferskfiskemballasje. Gjennom dette kan dei handtere større avtalar med landsdekkjande kundar. Dette vil bli bra før mange av aksjonærane i FIAS.

Nettside: vartdalplast.no

Andre aktuelle saker

Sjømatdagene 2024

Sjømatdagene 2024

Dette er et av næringens viktigste møteplasser og samler mellom 400 og 500 deltakere hvert år til faglig påfyll. Sjømatdagene arrangeres av Sjømatbedriftene og FIAS har ansvar for ca. 50 utstiller-plasser i forbindelse med arrangementet.

les mer
Nor Tekstil AS er ny samarbeidspartner til FIAS!

Nor Tekstil AS er ny samarbeidspartner til FIAS!

Nor Tekstil AS er Norges ledende leverandør av tekstiltjenester. En av våre gründere startet opp i Florø i 1970, og gikk i 2005 i samarbeid med flere aktører i bransjen for å bygge en nasjonal vaskerikjede. Selskapet har nå over 1200 ansatte og omsetter årlig for over 1,5 milliarder.

les mer
Eurofins –  ny leverandør til FIAS

Eurofins – ny leverandør til FIAS

Eurofins Scientific er en internasjonal laboratoriegruppe, som er verdensledende innen kjemiske, mikrobiologiske og sensoriske laboratorieanalyser. Eurofins-selskapene består av over 61 000 ansatte fordelt på et nettverk av 940 laboratorier i 59 land.

les mer

Kontakt:
Boks 639 Sentrum, N-7406 Trondheim
Tlf: +47 73 84 14 00
E-post: post@sjomatbedriftene.no

Besøksadresse:
6. etasje
Dronningens gate 7
Trondheim

Meld deg på vårt nyhetsbrev her
Bli med på vår e-postliste om du vil holde deg oppdatert på vår aktivitet og aktuelle saker for sjømatnæringa. Her kan du også oppdatere din profil eller melde deg av.